Nyheter

23.08.23

Hausten 2023 byrja det åtte nye fyrsteklassingar på skulen. Dei var spente og foreldra stolte! Til saman er det 44 elevar dette skuleåret.

31.07.2023

Me vil ynskje gamle og nye elevar velkommen til eit nytt skuleår på Hjartdal Montessoriskule.

Fyrste skuledag er måndag 21. august kl 08.30 for 2.- 7. trinn.

Årets fyrsteklassingar ynskjer me velkommen kl 10.00.

Helsing frå alle vaksne på skulen.

26. Mai 2023

Me er stolte av å kunne informere om at Anne Therese Hundseth blir skulens nye rektor. Ho er ein fantastisk lærar som nå skal styre skulen vår. Store og små er heldige som har ho og me ønsker ho lykke til i ny stilling.  Samtidig vil me takke Margit så masse for jobben ho har gjort for skulen kåns dei åra ho var rektor!

Me vil også få takke Jan Hovdejord for den enorme innsatsen han har gjort i styret for skulen og bygda vår. Jan har stor del av æra for at me fortsatt har skule her i Hjartdalsbygda. Han var med og stifta skulen jula 2017 og har vore med som ein trygg og stødig bauta sidan da. Ein kan vel si at å drive ein skule må vere det viktigaste vervet i ei bygd, da det handlar om framtida til ungane våre. Jan har utallige timar med frivillig arbeid i styret, så me vil takke både Jan og hans nærmaste familie for tida som har gått med. Nå gjeng han ut av styret men er hjerteleg velkommen til å vere med og styre skuta att seinare.