Skulen

Velkommen til Hjartdal Montessoriskule

Skulen starta opp hausten 2019, og har godkjenning for 50 elevar frå 1.-7.klasse.

Hjartdal Montessoriskule ligg landleg til i bygda Hjartdal, vest i Hjartdal kommune. (22 km frå Seljord, og 38 km frå Notodden) Skulen har som mål å skape eit godt og trygt læringsmiljø, der barn møter engasjerte og trygge vaksne som motiverer dei til å utvikle seg fagleg og som menneske.

Læringsarenaen strekkjer seg frå fjell, innsjø, og dalar, til kulturlandskap, gardsdrift, og naturbruk i skulens nærområde. I bygda har me bibliotek, nærbutikk, kunstgrasbane, hoppbakke og ljosløype. Fysisk aktivitet, utetid, og oppdagande læring står sentralt i opplæringa me gjev.

Tilsette på skulen hausten 2023: 

Rektor: Anne Therese Hundseth 

Kontaktlærar gruppe 1: Hilde Busk.

Kontaktlærar gruppe 2: Vilma Triske.

Kontaktlæra gruppe 3: Ann Kristin Flatland.

Faglærar: Veronika Hansen og Even Westeng.

Spesialpedagog: Malene Haugen 

Miljøterapaut: Elise Strand Bjørnflaten.

Barn og ungdomsarbeidar: Silje Våle og Hanne Iren Oseid.

Reinhaldar: Anastasia Ivashova

Vaktmeistar: Sondre Øverbø