Heim



Ledig stilling som Montessoripedagog/pedagog frå 1. august 2023

Hjartdal Montessoriskule søkjer Montessoripedagog.

Arbeidsgjevar : Hjartdal Montessoriskule

Stillingstittel   : Montessoripedagog

Søknadsfrist   :10. mars 2023.

Hjartdal Montessoriskule ynskjer å koma i kontakt med engasjerte montessoripedagogar til Montessoriskulen i Hjartdal med tilsetjing frå 1. august 2023. Me er i dag ein skule med 38 elevar fordelt på 1. til 7.klasse og 10 vaksne fordelt på pedagogar og assistentar.

Me ynskjer deg som

– Er utdanna montessoripedagog gjennom USN eller Waterpark. Oppfordrar også du som er utdanna pedagog og som kan tenkje deg å ta vidareutdanning til Montessoripedagog til å søkje.

– Kan vera ein rollemodell som skal skape trygghet, og rettleie elevane i deira ferd gjennom opplæringen.

– Ynskjer å ta aktivt del i læringsfellesskapet for å videreutvikle skulen og leite etter forbetringar

– Jobbar godt sjølvstendig og i team, samt likar varierte arbeidsoppgåver.

Me kan tilby:

Konkurransedyktige vilkår.

Fast stilling til deg som har utdanninga som blir kravd, eller fast når utdanninga er gjennomført.

Å få vera med å påverke og vere ein del av å utvikle skulen saman med engasjerte kollegaer.

Om skulen

Hjartdal Montessoriskule ligg fint til i Gvammen i bygda Hjartdal, vest i Hjartdal kommune. (10km frå Seljord og 38 km fra Notodden). Skulen er privat, eigd av ei stifting som har eit styre som jobbar tett saman med rektor om drift og utvikling av skulen. Hjartdal Montessoriskule starta opp hausten 2019, og har frå komande skuleår 43 elevar fordelt på 1.-7.klasse. Elevane er delt inn i tre grupper. I tillegg er det SFO tilbod frå kl. 07.00 til skulen startar kl. 08.30 og på ettermiddagen frå kl. 15.00 (kl. 14.00 to dagar) til kl, 16.30.

Skulen har som mål å skape eit godt og trygt læringsmiljø, der elevane møter engasjerte og trygge vaksne som motiverar dei til å utvikle seg fagleg og som menneske. Læringsarenaen strekkjer seg frå fjell, innsjø og dalar til kulturlandskap, gardsdrift og naturbruk i skulens nærområde. I bygda har me bibliotek, nærbutikk, kunstgrasbane, hoppbakke og lysløype. Fysisk aktivitet, utetid og oppdagande læring står sentralt i opplæringa.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring ved tilsetting.

Er dette noko for deg så send inn ein søknad. Spørsmål om stillinga kan rettast til konstituert rektor Anne Therese Hundseth på telefon 97528978 eller mail anne.hundseth@hjartdalmontessori.no

Søknad sendast i post eller på mail til: Hjartdal Montessoriskule Postboks 24 3665 Sauland eller anne.hundseth@hjartdalmontessori.no

Nettside https://hjartdalmontessori.no