Skulen
Velkommen til Hjartdal Montessoriskule
Skulen starta opp hausten 2019, og har godkjenning for 50 elevar frå 1.-7.klasse.
Hjartdal Montessoriskule ligg landleg til i bygda Hjartdal, vest i Hjartdal kommune. (22 km frå Seljord, og 38 km frå Notodden) Skulen har som mål å skape eit godt og trygt læringsmiljø, der barn møter engasjerte og trygge vaksne som motiverer dei til å utvikle seg fagleg og som menneske.
Læringsarenaen strekkjer seg frå fjell, innsjø, og dalar, til kulturlandskap, gardsdrift, og naturbruk i skulens nærområde. I bygda har me bibliotek, nærbutikk, kunstgrasbane, hoppbakke og ljosløype. Fysisk aktivitet, utetid, og oppdagande læring står sentralt i opplæringa me gjev.
Tilsette på skulen hausten 2022:
Rektor: Margit Romtveit
Gruppe 1: Gry Finnekåsa, Ann Kristin Flatland, Malene Haugen og Elise Strand Bjørnflaten.
Gruppe 2: Vilma Triske, Veronika Hansen, Hanne Iren Oseid.
Gruppe 3: Anne Therese Hundseth, Kristine Steen Johansen og Silje Våle.
Reinhaldar: Miriam Jeanne Chaula
Vaktmeistar: Sondre Øverbø

