Nyheter

6. Juni 2023

Ledig stilling på skulen :

Hjartdal Montessoriskule søkjer Montessoripedagog/pedagog.

Arbeidsgjevar           Hjartdal Montessoriskule

Stillingstittel             Montessoripedagog  

Søknadsfrist              16. juni 2023.

Hjartdal Montessoriskule ynskjer å koma i kontakt med engasjerte montessoripedagogar til Montessoriskulen i Hjartdal med tilsetjing frå 1. august 2023. Me er frå hausten av ein skule med 46 elevar fordelt på 1. til 7.klasse og 10 vaksne fordelt på pedagogar og assistentar.

Me ynskjer deg som

Er utdanna montessoripedagog gjennom USN eller Water Park. Oppfordrar også du som er utdanna pedagog og som kan tenkje deg å ta vidareutdanning til Montessoripedagog til å søkje.

Kan vera ein rollemodell som skal skape trygghet, og rettleie elevane i deira ferd gjennom opplæringen.

Ynskjer å ta aktivt del i læringsfellesskapet for å videreutvikle skulen og leite etter forbetringar

Jobbar godt sjølvstendig og i team, samt likar varierte arbeidsoppgåver.

Me kan tilby:

Konkurransedyktige vilkår.

Fast stilling til deg som har utdanninga som blir kravd, eller fast når utdanninga er gjennomført.  

Å få vera med å påverke og vere ein del av å utvikle skulen saman med engasjerte kollegaer.

Om skulen

Hjartdal Montessoriskule ligg fint til i Gvammen i bygda Hjartdal, vest i Hjartdal kommune. (10km frå Seljord og 38 km fra Notodden). Skulen er privat, eigd av ei stifting som har eit styre som jobbar tett saman med rektor om drift og utvikling av skulen. Hjartdal Montessoriskule starta opp hausten 2019, og har frå komande skuleår 46 elevar fordelt på 1.-7.klasse. Elevane er delt inn i tre grupper.

I tillegg er det SFO tilbod frå kl. 07.00 til skulen startar kl. 08.30 og på ettermiddagen frå kl. 15.00 (kl. 14.00 to dagar) til kl, 16.30. Skulen har som mål å skape eit godt og trygt læringsmiljø, der elevane møter engasjerte og trygge vaksne som motiverar dei til å utvikle seg fagleg og som menneske.

Læringsarenaen strekkjer seg frå fjell, innsjø og dalar til kulturlandskap, gardsdrift og naturbruk i skulens nærområde. I bygda har me bibliotek, nærbutikk, kunstgrasbane, hoppbakke og lysløype. Fysisk aktivitet, utetid og oppdagande læring står sentralt i opplæringa.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og erfaring ved tilsetting.

Er dette noko for deg så send inn ein søknad. Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor Anne Therese Hundseth på telefon 97528978 eller mail  anne.hundseth@hjartdalmontessori.no

Søknad sendast i post eller på mail til: 

Hjartdal Montessoriskule

Opsalvegen 55

3690 Hjartdal

anne.hundseth@hjartdalmontessori.no

Nettside          https://hjartdalmontessori.no

26.mai 2021

Me vil få takke Jan Hovdejord for den enorme innsatsen han har gjort i styret for skulen og bygda vår. Jan har stor del av æra for at me fortsatt har skule her i Hjartdalsbygda. Han var med og stifta skulen jula 2017 og har vore med som ein trygg og stødig bauta sidan da. Ein kan vel si at å drive ein skule må vere det viktigaste vervet i ei bygd, da det handlar om framtida til ungane våre. Jan har utallige timar med frivillig arbeid i styret, så me vil takke både Jan og hans nærmaste familie for tida som har gått med. Nå jeng han ut av styret men er hjerteleg velkommen til å vere med og styre skuta att seinare!